Mini Joggis er løpet for barn under SpareBank1 Vartdalsstranda Halvmaraton – ei fartsfylt og kjekk oppleving for dei minste! Her får barna kjenne på den same løpsgleda og meistringskjensla som dei vaksne, og ikkje minst: krysse den ekte mållinja med publikum og jubel på sidelinja! 🏁💫
Mini Joggis 2025 går av stabelen laurdag kl. 11:30, og vi gler oss til å sjå mange små sprekingar på startstreken!
Løypelengde: Vel mellom 0,5 km og 1 km
Start og mål: Samme plass som halvmaraton
Starttid: Fellesstart kl. 11:30
Påmelding: Google skjema.
Alle deltakarar får medalje og drikkeflaske – i tillegg til ei minneverdig oppleving og masse heiarop! 🎽🧢✨
I 2024 deltok rundt 80 barn, og stemninga var heilt topp. Vi håper å sjå endå fleire små løparar i 2025 – her er det plass til både raske bein og dei som vil ta det heilt med ro.
Ta med heile familien og bli med på ein dag fylt med aktivitet, smil og ekte løpsglede! 🤗🎈