Team Joggis er ein ideell organisasjon som brenn for løpeglede, samhald – og innsamlingsarbeid til Kreftforeininga.
Det heile starta i 2016, då Mads Egseth Melbø og Kenneth Holsæker meldte seg på Oslo Maraton 2017. Ønsket var å få med fleire, og ideen om "Team Joggis" blei fødd som ei minnemarkering etter ein kjær ven – Jan Ove Farstad som tapte kampen mot kreft. Gruppa "Team Joggis Oslo Maraton 2017" samla gamle vener til ei oppleving som kombinerte løping og kameratskap. Dette blei starten på noko mykje større.
I 2020, då mange løp vart avlyste på grunn av pandemien, tok Team Joggis initiativet til å arrangere eit fysisk løp i samarbeid med Volda i Vinden IL – Rotevatnet Halvmaraton. Rundt 50 deltakarar sprang den naturskjønne løypa rundt Rotevatnet i Volda, og deltakaravgifta gjekk uavkorta til Kreftforeininga. Dette blei starten på det som har blitt eit kjennemerke for Team Joggis: å kombinere løpsglede med innsamlingsarbeid til ei god sak.
I 2021 vart Vartdalsstranda Halvmaraton arrangert for første gong – starten på eit nytt kapittel for Team Joggis. Løpet blei raskt ein suksess og samla både deltakarar og publikum frå heile regionen. Same året blei Team Joggis formelt stifta som organisasjon og registrert i Frivilligheitsregisteret. Takket vere støtte frå sponsorar og privatpersonar har vi kunna arrangere årlege løp, der 100 prosent av deltakaravgifta blir donert til Kreftforeininga. Dei siste åra har alle midlane vore øyremerkte det nye Vardesenteret ved Åse sjukehus i Ålesund.
I 2023 fekk Team Joggis sin største støttespelar så langt – SpareBank 1 – som no er hovudsponsor for Vartdalsstranda Halvmaraton dei neste tre åra. I samband med det fekk arrangementet nytt namn: SpareBank 1 Vartdalsstranda Halvmaraton.
Team Joggis består av eit styre og mange frivillige som står på for å lage gode, inkluderande og meiningsfulle løpsopplevingar. Vi har eit brennande engasjement for kreftsaka, og vi er stolte over å kunne kombinere fysisk aktivitet med å støtte eit viktig formål.