SpareBank1 Vartdalsstranda Halvmaraton 23.05.2026
SpareBank1 Vartdalsstranda Halvmaraton er eit løp for alle – arrangert av den ideelle organisasjonen Team Joggis. Løpet går av stabelen den fjerde laurdagen i mai og kombinerer løpeglede med støtte til ei god sak: 100 % av deltakaravgifta går til Kreftforeningen.
Løpet går gjennom dei vakre dalane på Vartdal – Vartdal og Nordre Vartdal – og er omgitt av høge fjell på begge sider. Det spektakulære landskapet gir ei heilt unik og minneverdig løpsoppleving.
Du kan velje mellom fleire distansar:
Halvmaraton (21,1 km) – for deg som vil teste uthald og fart i spektakulære omgjevnader.
10 km – ei rask og stemningsfull løype for både mosjonistar og konkurranseløparar.
Trimløp – gå eller jogg 5, 7 eller 10 km i ditt eige tempo – utan tidtaking og utan stress.
Mini Joggis – vårt eige barneløp, der dei yngste heltar kan springe 100 eller 500 meter, med heiarop og medalje ved målstreken!
SpareBank1 Vartdalsstranda Halvmaraton – eit arrangement du ikkje vil gå glipp av!
Følg oss på Facebook for praktisk info og stemningsrapportar.