Vi har flotte garderobefasilitetar til alle deltakarar under SpareBank1 Vartdalsstranda Halvmaraton. Garderobene finn du på Vartdal Skule, berre eit steinkast frå start- og målområdet.
Her kan du skifte, oppbevare klede og ta deg ein etterlengta dusj etter løpet — eller medan du ventar på premieutdelinga. Garderobene er opne frå kl. 09.00 og held ope til arrangementet er ferdig.
Velkomen inn for å friske deg opp etter ein innsats du kan vere stolt av! 💙